Tyssedalsvatnet

Jakta etter eit vaten i urørt natur med moglegheit for ein lengre padletur, tok oss til Tyssedalsvatnet. Planen var å dra kajakkane over til Fuglevaten for so å gå opp Gyttaskaret til Espedalen.

På Ospeneset kan ein parkere ved demningen og sjøsette. Tiltrass for merkinga her vurderte VI det trygt å legge ut her ettersom vi skulle på vatnet og ikkje over demma.

Nedover vatnet finn ein fleire fine bukter og små øyer som ein berre må padle innom.

I sørenden av vatnet svingar vatnet aust og gjennom Mjåsundet. Ein ser då heilt til endes av Tyssedalsvatnet og elva som kjem frå Fuglevaten.

Det å komme inn hit til dei gammle grunnmurane etter eit  stort kvernhus og elva som og syner spor etter gamal inngripen var det som redda dagen. Vi skjøna etterkvart at vi ikkje ville ta på oss den anstrenginga eit båtdrag opp desse bakkane ville koste.

Etter å ha sett på kartet i etterkant ( ingen mobildekning i området) ser det ut til at eit drag mogleg kan gjerast ved Eidet bak båthuset. Dette for ein annan gong.

Elvestrekket mellom dei to vatna er ikkje meir en 150-200 meter, men var fullpakka med idyll. Småvaten og elvestryk slynga seg gjennom landskapet og enda ved dei svære steinsøylene som ein gong har helde eit større bygg.

 

Ei råten rustikk bru må prøvast.

Sikkert teikn på kva bygg som ein gong i tida har stått her.