Laukelandshesten

Laukelandshesten er ikkje berre ein tur til fjells. Bygdene på nordsida av Dalsfjorden ligg idyllisk til. Storelva som endar i Laukelandsfossen slynger seg i dalen bakom Laukelandshesten er verd ein tur i seg sjølv. Vi valgte å gå opp fjellet på framsida, men ein kan og komme seg opp frå baksida. Få førehand hadde vi høyrt / lese andre sine erfaringar med at stien kunne vere vanskeleg å finne. Dette opplevde ikkje vi. Fotefar er lett synleg og terrenget gjev seg sjølv samt merking med vardar og skilt for å ta riktig veg.

 

Laukelandshesten
Start Ta notis Sjå området i 3D

Start

Kvar stien startar er ikkje merka, men ein ser lett kvar folk har gått.  Ein kan parkere i svingen der vegen flatar ut. Ein finn stien 10-15 meter før denne.

Ta notis

Like etter ein har gjort seg ferdig med dette smale partiet kan det vere lurt å bite seg merke i terrenget. På nedatt turen kan ein her undre seg over kvar ein kom frå. Små vardar eller enkelt steinar viser veg.


 


Laukelandshesten frå der stien startar i vegkanten.


Like før det smalaste partiet.