Denne turen starta vi i Grimelia. Fyrste stigning tek deg gjennom dei nedlagde kobbar gruvene. Ei utruleg reise gjennom gamalt gruvelandskap.
Tekst
Fleire gruvegangar strekk seg langt inn i fjellet. Til trass for stoor nysgjerrigheit for kva som var der inne held all fornuft ein ifrå å vandre inn. Fleire stader ligg gruveinngangane som digre hol rett ned i terrenget. Desse kan vere vanskeleg å sjå ettersom merking er byrja å forsvinne i vegitasjonen.
Mangevaten ligg på ryggen som strekk seg innover mot Torsheia. Her ligg vatna etter kvarandre og skapar eit uverkeleg bilet av havet som klyv innover fjellet.
