Mellom Førde og Askvoll ligg avkjørsla til Skarlid. Her startar ein av rutene som tek deg til Ertrefjellet. Etterkvart som du køyrer opp dalen får du fjellet i sikte samt fossen som merkar byrjinga på ruta. Eit flott utgangspunkt på ein fantastisk tur.

Parkering
Om bommen ved kraftverket er stengt lyt ein sette bilen på parkeringsplassen her. Følg vegen til endes der turstien startar.
Vaier eller røys ?
Her er ei stigning opp berget der vaier er bolta i fjellet. Kneika er kort og er tilrettelagd slik at flest mogleg kjem seg ut på tur. Sjølv følgde vi spor etter andre som hadde valgt å gå opp ura under fossen, som kan vere glatt.
Opp i høgda
Terrenget gjev seg sjølv og ein siktar seg inn på bakketoppen som ligg under Eitrenipa. Der oppe ser ein kvar folk har gått for å komme opp på dei breie stigningane.
Luftigt
Dette er den eine staden vi kjende det litt i magen. Eit kort parti der det smalnar inn blir ein kontrast til den breie "hylla" ein har gått opp på framsida av fjellet.
Vaier eller røys?
Opp i høgda
Luftig