
Parkering
Vegen opp til dette punktet er grei å køyre. Siste svingane her kan vere ei utfordring, både med tanke på kor bratt og utvaska grusvegen er. Her er det mogleg å parkere samt snu bilen når ein skal ned igjen.
Sti or not to sti
Stien er ikkje merka, men er grei å finne starten på.
Følg elva
Partiet før ein kjem opp i dalen "Porten" er ikkje opplagd kvar stien går. Likevel er det greit å komme seg opp. Vi valgde å følgje elva opp på venstre side.
Bratt opp
Dette partiet er for somme bratt. Likevel kjem ein seg fint fram samt den delen av ruta ein var sikker på kvar stien gjekk. (3d)