
Parkering
Om bommen ved kraftverket er stengt lyt ein sette bilen på parkeringsplassen her. Følg vegen til endes der turstien startar.
Vaier eller røys ?
Her er ei stigning opp berget der vaier er bolta i fjellet. Kneika er kort og er tilrettelagd slik at flest mogleg kjem seg ut på tur. Sjølv følgde vi spor etter andre som hadde valgt å gå opp ura under fossen, som kan vere glatt.
Opp i høgda
Terrenget gjev seg sjølv og ein siktar seg inn på bakketoppen som ligg under Eitrenipa. Der oppe ser ein kvar folk har gått for å komme opp på dei breie stigningane.
Luftigt
Dette er den eine staden vi kjende det litt i magen. Eit kort parti der det smalnar inn blir ein kontrast til den breie "hylla" ein har gått opp på framsida av fjellet.